Oslofjord Brass

Balkan Moods: Nou Skomorohi: Frisk start. Meisterlig flygel leiar ann. Hald gjerne toppen av cresc endå litt lenger i kompet, skaper fine farger. Stålande duett på toppen.

Bruremarsj fra Sørfold: Bandet følg solisten fint. Kompet verkar litt «topptungt», mogleg dette er akustikken som lurar. Små rytmiske uregelmessigheiter, men dette er småpirk. Gjerne endå meir majestetisk i stilen under tuttidelen. Nydelig avslutning, ein stor blomekvast til kornettsolist.

Toccata (Oh the blessed Lord): Prominent start. Noko overkill i horn? Ta gjerne endå større dynamiske sjanser etter dei store «Heaton-klangane». Godt driv i grovmessing, noko uklart kva som skjer i kornett, gjerne meir frå toppen. Flott ensemblespel når me går inn i den rolige biten, komp lagar god bunn for solistane. Liker klanger frå tromboner under «soli». Gjerne endå meir utslag i raske cresc/dim.
Reprisen svinger vesentleg betre enn byrjinga. Gjerne endå meir driv frå grovmessing mot slutten, noko lugging. Flott finale.

The day thou gavest: Godt mogleg det er delay mtp tuba sitt i ein kasse for seg sjølv, men det let ikkje saman frå byrjinga, men det kjem seg iløp av verset. Volumet og breidda som er sakna under resten av programmet kjem fram, flott! Noko sterkt i slagverk. Under siste veiva blir det eit par pustehol som hindrer litt framdift, menkven bryr seg? Dette let fint. Tørr gjerne å dra slutten endå meir ut, flott stemning.

Generell kommentar: Eg hadde gjerne sett ein start med litt meir fart. Det tar litt tid før det kjem i gong. Flotte solistprestasjoner, ein ekstra blome til euphonium som farger klanger gjennom det heile. Nokon ørsmå uroligheiter her og der, men det skrur seg raskt på plass. Korpset har ein fin tuttilyd. Hadde likt å høyre meir av denne både i svake og sterke dynamikker. Velg gjerne musikk som viser dett endå meir.
Takk for ei flott framføirng.

Hasle Brass

Fanfare: La Perí: Klangfull start, hadde likt om det gjekk eit lite knepp saktare. Pass på at «lead-stemma» alltid kjem fram ala horn like etter opninga. Noko pressa i lyden på det sterkaste.

Labour & Love: Klangfull start. Pass på at åttendelsverdien er lik, gjennom alle strofene i grovmessing. Noko hurtigt etter hornsolo? Det heile lugger litt rytmisk. Dra gjerne klangen endå meir i tuba/euph inn mot første allegro. Fine detaljer i kornett. Gjerne meir deltajer frå grovmessing. Dra gjerne dei single fjerdelane endå lenger, det let noko stutt. Patetico anført av strålande euph, supert spel. Hadde gjerne likt endå meir tid og rom cadenz. Pass på at rompet følg rubatobevegelsane til solist.Allegro på speed, til tross for at detaljane kjem fram hadde eg likt meir kontroll rytmisk. Kanon trombone. Kornettsolist leiar flott ann og skin på dei rette plassane. Her følg kompet mykje betre, flott! Tør å ta endå meir plass horn, det let so bra når dykk bles gjennom. Allegro følast igjen for hurtig, eg får ikkje heilt med meg kva som skjer.
Tromboner let strålande slutten og set opp ei strålande finale. No kjem kontrollen fram, med brei fin klang. Dette let! Applaus til solister, godt levert!

Crown Imperial: Flott avslutningsverk. Pass på intonasjonen på topptoner, lag gjerne endå meir plass til resten av fortendelane. Euph let flott etter stilskiftet, tuba er litt etter, men det kjem seg etter første veiva. Reprise med mykje meir sving, flott energi i spelinga. Pass intonasjoner i «formater» før finalen. Tuning sopran. Noko statisk mot slutten, med stamina. Gjerne endå meir framdrift i finaleakkorder.

Generell kommentar: Korpset har ein fin lyd, pass på å breie ut klangen i det sterkare dynamikkane, tidvis let det litt hardt. Stor applaus til solister på Fletcher, krevjande musikk levert med god pondus. Både Fletcher og fanfaren let noko hurtig for min smak, det heile får ikkje heilt plass til å flyte. Eg liker musikkvala. Crown Imperial eignar seg som eit finalenummer, men hadde gjerne sett det heile litt strammare frå byrjinga.

Manger Musikklag

King's Hunting Jig: Majestetisk byrjing. Crescfigurane skaper fine kontraster. Godt driv i komp. Fin start!

Prelude to the: Kontrastfylt kontra starten. God dynamisk kontroll, gjerne endå meir ned. Sop farger fint over tutti. Eit uventa flott verk i programmet.

Maids of Cadiz: Meisterleg leia frå kornettsolist, flott klang. Eit frekt lite blomsterbed til deg. Noko rytmiske uklarheiter her og der, mogleg dette er akustikken. Fine farger i kormp. Flott levert.

Tundra: Flotte klangbileter, liker fasongen i perc. Hadde likt å høyre denne eit lite knepp ned i tempo, der dette flotte verket hadde fått endå betre plass. Ein steminigsfull «pause» i programmet.

Revelation - Finale: Tuba byrjer det heile flott, liker fasongen i pedaler. Melodisk slagverk kjem ikkje heilt gjennom, saknar desse fargane. Effektive cresc som gjer rike effekter, dog nokon cresc er litt ott. Flotte klanger inn i første ff, melk gjerne desse endå meir. Kaosdelen blir levert overraskande oversiktleg, ikkje verst. Opplaus sop. Siste veiva går noko fort for min smak, men kven bryr seg? Finalen er rett og slett sabla bra. Tommel opp for A2.

Generell kommentar: Eg hadde likt at dykk melka klangen dykkar endå meir spesielt i dei lavare dynamikkane, mogleg lokalet ikkje klarer å levere pp. Programmet blir levert med god kontroll. Eg saknar ein større samanheng i programmet, t.d. heile Revelation? Flotte verk kvar for seg, men alt til si tid.
Men skit litt i dette, dette er flisespikkeri. Uansett, takk for dagens framføring. Applaus til principal og til dirigent for flotte linjer.

Molde Brass Band

Festmusik der stadt Wien: Super start, ddet heile skin akkurat slik det skal. Pass på at intensiteten er tils tades sjølv om tempoet går ned. Liker fasongen, Gjerne endå større forskjeller i dynamikk, er til tider berre mykje lyd. Levert med stor tuttiklang, strålande opning!

Reverend Archie Beaton: Liker lyden i euph, ta gjerne endå større sjanser dynamisk, for det let bra når det svakt. Pass på at tuba ikkje stjel showet i djupet. Applaus til euph, godt levert!

The Smile: Flotte farger i slagverk. Pass på at solister i opninga fraserer likt. Stafettmetoden i melodien fungerer ikkje heilt, det stopper opp litt. Gjerne meir av muta kornetter under euph, skaper fine klanger. Ofte kan dei heilt lave dynamikkane skape like mykje intensitet som det sterke. Intonasjon i lange toner mot slutten?

Call of the Righteous: Stilfull start, med den stolte stilen muskken krev. Noko hardt i tuba. Fin flyt ved toneartskiftet, liker den lette fasongen. Det heile flyt mykje betre. Fin fasong i sololinjer, bygg gjerne endå meir opp under rubatoen. Tuba skaper flotte klanger til å flyte å på. Det smell litt i toppen i ff. Intensiteten i dei lave dynamikkane. Reprisen er stor og klangfull før det tar fyr. Når dykk breiar lyden ut let det imponerande. Finale med stor F! God fasong på heile verket, gjerne endå meir dynamiske kontraster, men dette er mogleg lokalet.

Generell kommentar: Korpset har ein tuttilyd med stor spennvidde. Det let tidvis hardt når dykk er på det sterkaste. Ein blomekvast kvar til euph og principal, strålande levert! Eg stiller spørsmål ved «The Smile». Musikken har ein tendens til å stoppe opp, her meiner eg det hadde eigna seg med eit alternativt verk. Dykk leverer eit overbevisande program. Eg saknar at dykk tar det heilt ned og lar dei svake dynamikkane gjere jobben.

Montebello Brass

Music from the Elizabethan Court: The Earle of Oxford's Marche: Intens start, liker dynamikkforskjeller. Pass på at sjølv om det er sterke dynamikker skal det likevel vere saman. Ved temposkiftet ber det preg av lite detaljer. Når kontakten med dirigent er til stades er det andre boller. God lyd mot avslutning.

2. sats fra Concertino Classico: Den sakrale stemninga, med muta kornetter, skaper fin ramme for solist. Dykk skaper flott musikk her, elegant leia av dirigent. Her får dykk publikum fram på stolen. Ta det gjerne endå lenger ned der eignar seg. Elegant levert. Takk til solister.

Suite Gothique: 1. Dykk klarer å vise noko av magien i Boellmann sitt meisterverk, eit snev av orgel her og der.
2. Flott leia av horn, som gjer det heile ein fin karakter. Noko intonasjonsproblem i muta kornetter.
3. Mura kornetter farger flott. Gje gjerne musikken endå meir plass, litt hurtige skift her og der, menmen. Noko intonasjonsproblem her og der, dessverre små riper i Bentleyen. Ellers, lekkert levert.
4. Noko sterkt i byrjinga. Ikkje kast alle korta med ein gong. Basslinja og fortendelar er ikkje alltid heilt saman. Saknar endå meir sug i fasogen når slusene opnar seg. Intonasjon i basslinja sprik til tider. Noko rytmiske moment frå midten av ut.

Generell kommentar: Boellmann blir levert med pondus og myndighet. Notre Dame er ein krevjande sats, som dykk leverer ei lekker utgåva av. Dykk klarer å skape flott klangbileter underveis, spesielt under concertinoen. Men me kjem ikkje unna problema som skjedde under opninga. Det som lova bra, glei litt ut. I mine auger handler siste del av Boellmann om kontraster. Ein må ta det heile endå lenger ned i byrjinga for å kunne løfte taket på slutten.
Totalt tykkjer eg framøringa blir ripa opp av for mange rytmiske feil, dette er leit for til tider let dette veldig bra.
Applaus til solister, elegant levert. Ein liten blomekvast til dirigent, som stort sett klarer å halde ensemblet samla.

Rekkefølge:

1. Manger Musikklag
2. Molde Brass Band
3. Oslofjord Brass
4. Montebello Brass
5. Hasle Brass